30 mars 2011

Omarbeiding

Opprydding og omstrukturering skal utførast,
og til slutt vert dette sida for alle mine "Gjer det sjølv"-prosjekt!

14 mars 2011

Kunstpause

Det er ikkje det at gnisten er borte, eller at interessa har dabba av.. Det er berre heilt enkelt ikkje tid mellom kvardagen til å prioritere på så mykje handarbeid og denslags, og dermed vert det ikkje mykje å meddele her inne heller. Men det kjem. Eg har planar. Eg veit berre ikkje når tida mellom kvardagen kjem att ;)

05 desember 2010

Lysfest

Advents- og juletida er ei høgtid for levande lys.
Her i huset tennes "tusen julelys" kvar dag, og spesielt i helgene,
og det er så koseleg! :)

Så i går kom eg på å tenne ei "heimelaga" (les: sjølvlaga) lykt, inspirert av ein student som gjekk Kunst og Handverk året før meg. Trur ikkje eg har vist lyskuba mi fram her inne før, så derfor gjer eg det no ettersom vi som sagt er inne i årets store tid for levande lys ;)



Legg merke til lysspelet på veggen i bakgrunnen :)
Ein artig idé som eg altså har lånt inspirasjon til ;)



27 november 2010

Søknad om å utvide døgnet

INNVILGA!!! ...det kjendes i alle fall slik ut her i veka... Har fått gjort så mykje! :)

Settekasseprosjektet; Check!



Adventskalender; Check!






Lampe som har venta på å bli "ny" lenge; Check!

                                        Før................................... og etter! :)


16 november 2010

Kor er tida mellom kvardagen?

...eg ventar på den... men no om dagane ser den ikkje ut til å eksistere i det heile...
Praksis, eksamenslesing, juleforberedelsar, rutiner og så vidare fyller kvardagen frå ende til anna, og då vert det liksom ikkje pusterom mellom kvardagane... I alle fall ikkje pusterom store nok til å gjere anna enn å berre vere og å puste :) Det er i grunn godt nok, men dersom eg skal få gjort noko med dette vesle møbelet som eg fann på Fretex til skarve 30,- kroner, så trengst det meir enn eit pittekyrande lite pusterom...



Eg ser føre meg kvitmaling og mogeleg nokre lett mønstrete, kvite papir som bakgrunn, men eg veit ikkje.. Satsar på at det kjem til meg etterkvart som arbeidet skrider framover, når berre det der opphaldet mellom kvardagane kjem ;) 

Med sine 24 rom, eigner forøvrig denne vesle settekassa seg som adventskalender?.. Men det vert nok ikkje før til neste år at eg får brukt ho til det ;)