20 juni 2010

Kunstnar under construction

(Min personlege favoritt so far - dette vil eg ha når eg får veggplass!
Dramatisk men allikevel roleg og harmonisk...)

Meir eller mindre tilfeldig, via felles bekjende, kom eg over mange fantastiske foto tatt av ein fersk, men allikevel imponerande dyktig fotograf. Tarjei Langeland er Florøværing, som meg sjølv, men bur for tida i Cape Town (Sør Afrika). Det er berre eitt år sidan han kjøpte sitt første kamera, noko eg absolutt ikkje gjekk ut i frå då eg først såg bilda. Men det må berre bety at han enten har eit stort, medfødt talent, eller at han er grådig bratt læringskurve. I alle fall er eg sikker på at vi kjem til å sjå meir til han og bilda hans!

(Stram komposisjon med mykje rette linjer i forgrunnen,
i kontrast til naturbakgrunnen med organisk fjellandskap og sjø
med meir duse konturar. Love it!)

Utsnitta og komposisjonane han viser er spennande, men samtidig balanserte og harmoniske. Fargane er ikkje mindre ei fryd for auget. Personleg falt eg mest av alt for landskapsbilda hans - scenene er rett og slett eventyrlege!!! Og det beste av alt, eg har fått tillatelse til å dele dei med deg, her på bloggen :) Gler meg til huset heime er ferdig, med god veggplass, då håper eg å få kjøpt eitt eller fleire av desse bilda til å henge på veggen, i lag med anna kunst ;) ..og mens eg ventar på palasset med god veggplass, så nyter eg kunst på nett.

(Igjen mykje rette linjer i møte med organiske former/formasjonar.
Eg får lyst dit som bildet er tatt!!!)

Gler meg til å sjå fleire flotte bilder frå denne fotografen!!!







OBS! I tråd med åndsverkslova §1 eig Tarjei Langeland opphavsretten/copyright til dei publiserte bilda. Kopiering og/eller publisering av desse bilda utan løyve frå innehavar av opphavsrett er med andre ord ulovleg. So you know :)

3 kommentarer:

  1. Shit, for noen magisk flotte bilder!

    SvarSlett
  2. Linn Therese24 juni, 2010

    Utrolig flotte bilder, likte veldig godt nr 2 av de du viste frem :o))

    SvarSlett
  3. Anne: Eg kan ikkje legge skjul på at eg er heilt einig!

    Linn Therese: Flotte bilder ja. Liker også bilde nummer 2 godt, det er så god spenning mellom dei rette, "ordna", geometriske linjene i framgrunnen, mot naturen og dei levande, organiske linjene lenger bak :)

    SvarSlett

Da blir jeg glad! :oD