Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

16 november 2010

Kor er tida mellom kvardagen?

...eg ventar på den... men no om dagane ser den ikkje ut til å eksistere i det heile...
Praksis, eksamenslesing, juleforberedelsar, rutiner og så vidare fyller kvardagen frå ende til anna, og då vert det liksom ikkje pusterom mellom kvardagane... I alle fall ikkje pusterom store nok til å gjere anna enn å berre vere og å puste :) Det er i grunn godt nok, men dersom eg skal få gjort noko med dette vesle møbelet som eg fann på Fretex til skarve 30,- kroner, så trengst det meir enn eit pittekyrande lite pusterom...



Eg ser føre meg kvitmaling og mogeleg nokre lett mønstrete, kvite papir som bakgrunn, men eg veit ikkje.. Satsar på at det kjem til meg etterkvart som arbeidet skrider framover, når berre det der opphaldet mellom kvardagane kjem ;) 

Med sine 24 rom, eigner forøvrig denne vesle settekassa seg som adventskalender?.. Men det vert nok ikkje før til neste år at eg får brukt ho til det ;) 

25 juni 2010

Kjekt med stempel!

LillMi, ein bekjend via forum, feirar at ho er ferdig utdanna faglærar i Kunst & Handverk, og som K&H-glad lærarstudent er eg verkeleg veldig einig i at slikt absolutt er noko å feire!

Hennar feiring er at ho gjev deg sjansen til åvinne to skjønne magnoliastempler, til bruk i papirhobby som eksempelvis kortlaging. Tenk så mykje kjekkare det er å få eit heimelaga kort framfor eit kjøpt!? ;) Om ikkje anna kan du bruke slike og andre stempel til å dekorere gåvepapir med. Dette gjeld altså for deg som vel å pakke jule- og bursdagsgåver inn i meir miljøvenleg gråpapir framfor det foliebelagte julepapiret som ein elles gjerne nyttar som gåvepapir...

Om du allikevel ikkje skulle vere interessert i stempla eller noko anna som har med papirhobby å gjere, anbefalar eg allikevel å ta turen innom LillMi's blogg. Der finn du nemmeleg link til interiørbloggen hennar, kor det også er mykje fint å sjå på og lese om ;)  


PS: Jobbar med ei eksamensoppgåve for tida, og dermed er helie hengekøye-prosjektet lagt på hylla til oppgåva er ferdig... Eg har rett og slett måtta ta meg selv i tøylane, og nekte meg sjølv å gjøre alt det andre eg langt heller vil bruke tida på, framfor å arbeide med eksamensoppgåve no medan andre studentar har ferie og studiefri... Eg kjem sterkare tilbake om litt!