Viser innlegg med etiketten papirhobby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten papirhobby. Vis alle innlegg

13 oktober 2010

Drageløperen

Ja... det vil seie, dragemakaren også forøvrig...
I alle fall, her har vi vore i sving heile familien.

Det er veldig kjekt å fly med dragar, men jammen er det noko med laginga også som er veldig kjekt. Kanskje ligg ein del av gleda ved laginga i spenninga og forventningane i høve til den føreståande flyginga, men allikevel... Verdt å prøve - i alle fall om ein har små (eller store) born som likar å drive med kreativ og skapande hobby saman med mamma eller pappa ;) Altså - ein fiiin familieaktivitet frå A til Å!

Dragane kan gjerast mykje finare enn det eg har teke meg tid til - eg er for utolmodig på å få teste flygedyktigheita. Men når eg berre er meir dreven på å lage dragar med god oppfdrift, lett som berre det, då skal nok det reint estetiske ved dragane skjerpe seg litt også :)

Klikk HER for å sjå oppskrift og mal for å lage din eigen drage :D


Happy kiting!!!

25 juni 2010

Kjekt med stempel!

LillMi, ein bekjend via forum, feirar at ho er ferdig utdanna faglærar i Kunst & Handverk, og som K&H-glad lærarstudent er eg verkeleg veldig einig i at slikt absolutt er noko å feire!

Hennar feiring er at ho gjev deg sjansen til åvinne to skjønne magnoliastempler, til bruk i papirhobby som eksempelvis kortlaging. Tenk så mykje kjekkare det er å få eit heimelaga kort framfor eit kjøpt!? ;) Om ikkje anna kan du bruke slike og andre stempel til å dekorere gåvepapir med. Dette gjeld altså for deg som vel å pakke jule- og bursdagsgåver inn i meir miljøvenleg gråpapir framfor det foliebelagte julepapiret som ein elles gjerne nyttar som gåvepapir...

Om du allikevel ikkje skulle vere interessert i stempla eller noko anna som har med papirhobby å gjere, anbefalar eg allikevel å ta turen innom LillMi's blogg. Der finn du nemmeleg link til interiørbloggen hennar, kor det også er mykje fint å sjå på og lese om ;)  


PS: Jobbar med ei eksamensoppgåve for tida, og dermed er helie hengekøye-prosjektet lagt på hylla til oppgåva er ferdig... Eg har rett og slett måtta ta meg selv i tøylane, og nekte meg sjølv å gjøre alt det andre eg langt heller vil bruke tida på, framfor å arbeide med eksamensoppgåve no medan andre studentar har ferie og studiefri... Eg kjem sterkare tilbake om litt!