14 juni 2010

Ein fasinerande kunstnar - Salvador Dalí

Salvador Dalí er ein av mine absolutte favorittar innan bildekunst.
Spesielt likar eg dei surrealistiske bileta hans, for der kan ein oppdage noko nytt for kvar gong ein ser på bildet omtrent. Eller, kanskje har ein sett det ein "oppdagar" ein gong tidlegare, men ein har gjerne ikkje tenkt skikkeleg over det ein då såg. Eg sluttar ikkje å la meg fasinere av hans surrealistiske periode, og av bilda hans frå denne perioden trur eg dette må vere mi topp 5 liste:

  1. Dream Caused by the Flight of a Bee around a Pomegranate (eg har sett originalen!!! :oD)
  2. Persistance of Memory det kjende bildet med dei "smelta" klokkene..
  3. The Hallusinogenic Toreador ("oppdagar" stadig noko nytt!)
  4. Galatea of the Spheres eit kvinneansikt satt saman av svevande "kuler"
  5. The Elephants som viser noko som minner om hybridar mellom elefant og giraff
Kva synest du om Salvador Dalí sine bilder? (Du kan søke etter desse og mange fleire kunstbilder på Allposters)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Da blir jeg glad! :oD