13 juni 2010

I stadig endring

Vel, det ser ut til at eg aldri blir nøgd med denne bloggen...
Atter ein gong forsøker eg å gjere det heile betre ved å endre på fasaden,
berre at denne gongen har eg visst endra adressa også.

Eg har eigentleg alltid skrive nynorsk, i alle fall heilt til eg byrja på høgare utdanning med mykje gruppearbeid saman med bokmåls-medstudentar. Deretter bar det nedenfor og hjem med nynorsken.
No har eg tenkt å gjere revansj, og i det høvet har eg fått meg ei nynorsk adresse og eit nynorsk namn.
Endringa heng og saman med at eg og min betre halvdel held på å bygge opp ein liten felles blogg også, og då syntest eg at namnet på den og på denne burde stå litt i stil til kvarandre på eitt vis :o)

Håper eg ikkje skremmer vekk bokmåls-følgjarar med dette - sjå på det som eit av få høve til å trene leseferdigheita i nynorsk ;oP Er det noko du lurer på så er det sjølvsagt berre å spørre!

Forøvrig har eg eit par tekstilprosjekt gåande, av større og mindre art, som eg tenkjer å dele med dykk om litt :o) ...når eg berre er ferdig  med studieåret sitt siste skriveprosjekt ;o)  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Da blir jeg glad! :oD