04 juli 2010

Prosjekt kontinuerlig skiftande

Eg har fortalt tidlegare at eg skal lage meg hengekøye i filleryestil, meeen slik vert det altså ikkje.. Etter å ha revet opp 25 meter stoff i 10-12cm tjukke strimlar, begynt og komt godt i gang med å hekle, oppdaga eg raskt og kunne med hjelp av fleire andre konstatere at dette ville verte i tyngste laget! Så no er prosjektet halvert og hengekøya vert i staden ein hengestol.. Noko a la stolen på biletet under, som er henta fra http://www.landstil.com/. Berre at min er hekla, som sagt, og at eg har spleisa meg tauringar til feste i sidene på stolen, og ikkje ei rekkje tau som på denne du ser under..




Vanskeleg å forklare, de må nesten berre sjå når den er ferdig. Trur forresten ikkje at det tek så lang tid i effektiv hekletid før den er ferdig for sjølve heklinga går fort, eg må berre få høve til å sette meg ned og faktisk gjere den ferdig :)

Håpar berre opphenget mitt fungerar, for det veit eg jo heller ikkje.. Har ikkje oppskrift eller noko anna å fylgje, så eg må jo berre prøve meg fram og sjå! Blir det bra så skal eg heller skrive ned oppskrifta, så kanskje fleire kan prøve seg på liknande ;) Stay tuned!!!




PS: Når det gjeld veiret her omkring så treng eg ikkje stresse med  å få utemøbelet mitt ferdig, så håpar sola kjem og skyene forsvinn i det prosjektet er avslutta og opphengt så eg får prøvd stolen når den er klar for bruk..

Ynskjer deg og dine nokre strålande dagar framover, med eller utan hengekøye eller hengestol ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Da blir jeg glad! :oD