01 august 2010

Naturen som atelier

Ja, ettersom eg ikkje enda har hus har eg foreløbig heller ikkje hobbyrom. Då gjeld det å vere kreativ som det så fint heiter, eventuelt å vite å utnytte dei ressursane ein har til rådigheit.

No har det ikkje vore så mange finveirsdagar her på vestlandet at dei er vanskelege å telle på to ei hand, men desto viktigare er det viktig å nytte dei dagane med tørt veir som er. Difor fekk eg pappa til å snekre eit provisorisk staffeli til meg (som eg endte med å ikkje bruke allikevel XP) og så gjekk ned i hagen for å male. Der kunne eg tillate meg å grise litt utan å tenkje så alt for mykje på underlaget. Hadde dette skjedd ofte måtte eg gjerne revurdert korvidt det er nødvendig å tenkje på graset og jorda under, men for ein skarve gong så synest eg det var greitt :) ..og underlaget blei farga, men graset var ikkje lilla, oransj og svart så lenge, for utpå kvelden kom regnet igjen og vaska alt vekk ;)



Det var kjempekjekt å få leike litt med maling og lerret etter gammalt (det nærma seg at eg fekk abstinensar no når ferien kom etter eitt heilt år med berre kunst og handtverk :S), og resultatet vart ikkje verre enn at mamma ville ha bileta.



Ho får eitt av dei, men ettersom veggane i leiligheita er rimeleg nakne, så trur eg jammen at eg vil eige det eine sjølv også..



Når dei var tørka vart dei meir matte enn eg ynskja dei skulle vere, men sånn er det i grunn ofte.. At det eg lagar ikkje blir heilt som eg hadde tenkt. Men det er vel litt av sjarmen med amatørarbeid XD Det er nokre dagar sidan no, at eg lagde desse bilda, og medan eg har skrevet dette innlegget til bloggen har det vist kome ei ny trong eller lyst til å male litt igjen. Dessverre er veiret av den sorten som ikkje tillet kunstneriske utfoldelsar på plenen.. Så no ventar eg på betre tider.. Altså, betre maletider for sånn utanom lysta til å male så er tidene max fine, sjølv utan maling! :)

1 kommentar:

Da blir jeg glad! :oD