24 august 2010

Enda meir Redesign

Ein voksduk eller rest av ein sådan er ikkje nødvendigvis mat for bossbøtta..

Til dømes, om resten måler minimum 20x25cm, kan den lagast om til ei barnesmekke med oppsamlar:


Eg teikna mønster sjølv med utgongspunkt i ei smekke frå IKEA som eg hadde liggande... I tillegg har eg nytta skråband for å gjere kantane finare og meir behagelege mot huda, sytråd av polyester til å feste skråbandet med, og ein trykknapp for å kunne feste smekka på bornet.

Merk; sy på skråbandet til fronten av lomma først, så syr du lomma fast på hovuddelen, før du festar skråband rundt heile smekka og set i trykknapp til slutt.

Oftast held det truleg å tørke av smekka med ein klut etter bruk, men innimellom treng den gjerne også ein grundigare vask.. Men ikkje vask den i maskin, det tåler stort sett ikkje voksdukar, så ein vask for hand må nok halde ;)

3 kommentarer:

  1. Så kreativ du er :) Skulle virkelig ønske jeg hadde bedre sykunnskaper altså, he he!!

    SvarSlett
  2. Jeg elsker polkadotter!
    Denne var knallfin!

    SvarSlett
  3. så utrolig stili:) fint gjenbruk da:)

    SvarSlett

Da blir jeg glad! :oD