21 september 2010

Fast luftstav

Fastmaske, luftmaske, enkel- og dobbel stav. Nei, ikkje veit eg. Oppskrifter er ikkje mi greie. Eg berre heklar. Trur eg. Resultat blir det i alle fall, sjølv om det truleg ikkje er etter boka. Eller, det er heilt sikkert ikkje etter boka - eg har jo dikta det sjølv. Undervegs.

Syltetøy-glaset gjer seg meir på frukostbordet, når det er påkledt og ikkje nakent ;)

Eg las om ei, for ei tid tilbake sidan, som hadde hekla trekk til syltetøyglas for å bruke dei som vase, og så fekk eg lyst å prøve eg også. Men ikkje fann eg att staden der eg fyrst las det, og uansett hadde eg nok ikkje fått noko ut av å lese ei eventuell oppskrift, så eg gjekk i gong og hekla ut frå eige skjønn. Eg byrja med botnen, som eg hekla som eit sneglehus til det var vidt nok til å dekke botnen på dette glaset, og så hekla eg meg oppover til det dekte heile glaset. Eg avslutta med å hekle "duttar" på toppen, trur det er med såkalte luftmasker som eg festa med fastmasker, men eg er neimmen ikkje sikker.

Er uansett godt nøgd med resultatet, og tenkjer eg skal hekle nokre til når eg berre får kjøpt meir :) Synest glasa gjer seg finare på frukostbordet med klede på, enn utan. Og så er det mykje meir lettvindt å kle på syltetøyglasa, enn å helle over i skåler og så tilbake i glaset igjen når bordsettinga er overstått...

¨
Eit påkledt, tomt syltetøyglas var forresten ikkje så verst lys frå som telyslykt heller..
Og som nemndt tidlegare, så kan det brukast som vase også :)

Eg brukte forresten bommulsgarnet LERKE frå Dalegarn, med farge nr 0020, og så hekla eg med nål i storleik 3,5. Båndet med prikkemønster, som jeg har snurpet i toppen med, er forresten fra Papirloftet ;)

7 kommentarer:

  1. Denne synes jeg var skikkelig fin!
    Enkel, men veldig dekorativ.
    Å for ett nydelig lys det ble :)

    SvarSlett
  2. Dette var kreativt!!! Den telyslykten var kjempekoselig.

    SvarSlett
  3. Så fin den ble på lyset:)

    SvarSlett
  4. Så utrulig nydelig!!!! MÅ læra meg å hekla;-)

    SvarSlett
  5. hehe, eg må le av at du ikkje veit kva du driv med. Men det vart kjempefint og dekorativt, så kva då! Hvis du vil så kan eg lære deg:-) Klem Terese

    SvarSlett
  6. Hehe :) Kanskje eg skulle fått meg eit heklekurs av deg ja ;) ...eg kan hekle blomar etter oppskrift, men det er vel det einaste.. Men generelt er eg ikkje mykje fan av oppskrifter heller... Kanskje det er eit lær-å-like-oppskrifter-kurs eg skulle fått? :)

    SvarSlett

Da blir jeg glad! :oD