16 juni 2010

Mitt nyaste prosjekt


Dette er omtrent så langt som eg er komt på mitt nye prosjekt - eg har fått handla inn alle ingrediensane!
Eller, eg har så vidt begynt heilt i det små også, med å spleise tau til å verte tjukke, sterke ringar av tau. 4 stykker skal eg ha, og i skrivande stund har eg ei lita pause for å kvile fingertuppane nesten halvvegs på den tredje tau-ringen. Det er like før eg får blemmer på fingrane trur eg - det er ikkje berre enkelt å spleise tau for sarte fingertuppar... Men skal det bli noko av kvileplassane til meg og min kjære, som vi skal ligge og slappe av oppi medan vi gyngar lett under plommetrea, så er det berre å bite det i seg tenkjer eg!

Du tok'an? Eg held på med to hengekøyer, ja :) Eller, no held eg på med opphenget til hengekøyene.. Når dei er ferdige har eg 40 meter nyleg innkjøpt stoff frå IKEA (dei hadde tilbod på 5,- meteren!!!), som skal rivast i passe breie strimlar og vidare heklast saman til ei (forhåpentlegvis) banan-forma hengekøye! Det blir nærast å betrakte som ei slapp form for fillerye, berre hekla og forma annleis.. Eg har inga oppskrift og veit eigentleg ikkje korleis eg skal gjere dette, men eg håpar og trur at det kjem av seg sjølv når eg begynner på arbeidet. Eg er generelt ikkje så glad i oppskrifter allikevel.. ;oP

Men om nokon har gode tips eller erfaringar å dele, så tek eg takknemleg i mot! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Da blir jeg glad! :oD