Ja... det vil seie, dragemakaren også forøvrig...
I alle fall, her har vi vore i sving heile familien.
Det er veldig kjekt å fly med dragar, men jammen er det noko med laginga også som er veldig kjekt. Kanskje ligg ein del av gleda ved laginga i spenninga og forventningane i høve til den føreståande flyginga, men allikevel... Verdt å prøve - i alle fall om ein har små (eller store) born som likar å drive med kreativ og skapande hobby saman med mamma eller pappa ;) Altså - ein fiiin familieaktivitet frå A til Å!
Dragane kan gjerast mykje finare enn det eg har teke meg tid til - eg er for utolmodig på å få teste flygedyktigheita. Men når eg berre er meir dreven på å lage dragar med god oppfdrift, lett som berre det, då skal nok det reint estetiske ved dragane skjerpe seg litt også :)
Klikk HER for å sjå oppskrift og mal for å lage din eigen drage :D
Happy kiting!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Da blir jeg glad! :oD