men Nyttig kan eg skryte på "produkta" mine å vere om ikkje anna :)
To småvesker frå H&M som no vart solgt til spottpris etter sommaren er blitt til ei toalettmappe med maaange lommer :) Vi bruker den til alle hårstrikk, klemmer, hårklyper, fliseklemmer, bøyler og anna hårpynt. Og fordi der er så mange lommer kunne eg sortere alt, fargerike strikk for seg, nøytrale for seg, hårbøyle i eiga, stor lomme, klemmer for seg, klyper for seg osv. Kjempepraktisk!! :D
Alt eg brukte var dei nemnde veskene, nål og tråd, saks, trykknappar og utstyr til å feste trykknappane, og så ein stor, røff karabinkrok (i samme farge som glidelåsane og knappane) til å kunne henge opp toalettmappa etter.
Klypte av veskesnorene, ettersom eg ikkje hadde bruk for dei..
Sydde saman veskene "rygg mot rygg", men lot det vere opning øverst, slik at rommet mellom dei to veskene også skulle kunne brukast..
Satte i trykknappar for til dels å kunne lukke att rommet mellom dei ihopsydde veskene..
På den eine sida festa eg ein karabinkrok i "stålhankane" der veskestroppane hang fast,
og på den andre sida brukar eg "stålhankane" til å feste nåler meint som hårpynt (blomane til venstre i biletet til dømes..)
Billig og bra toalettmappe, som gjer det enkelt å holde styr på og finne fram i hårpynt eller anna :)
Denne var utrolig stilig!!!
SvarSlettDu er skikkelig dyktig!;)