Viser innlegg med etiketten Redesign. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Redesign. Vis alle innlegg

24 august 2010

Enda meir Redesign

Ein voksduk eller rest av ein sådan er ikkje nødvendigvis mat for bossbøtta..

Til dømes, om resten måler minimum 20x25cm, kan den lagast om til ei barnesmekke med oppsamlar:


Eg teikna mønster sjølv med utgongspunkt i ei smekke frå IKEA som eg hadde liggande... I tillegg har eg nytta skråband for å gjere kantane finare og meir behagelege mot huda, sytråd av polyester til å feste skråbandet med, og ein trykknapp for å kunne feste smekka på bornet.

Merk; sy på skråbandet til fronten av lomma først, så syr du lomma fast på hovuddelen, før du festar skråband rundt heile smekka og set i trykknapp til slutt.

Oftast held det truleg å tørke av smekka med ein klut etter bruk, men innimellom treng den gjerne også ein grundigare vask.. Men ikkje vask den i maskin, det tåler stort sett ikkje voksdukar, så ein vask for hand må nok halde ;)

Redesign

Veldig trendy begrep, kanskje ikkje fullt så trendy utfall her hos meg denne gangen,
men Nyttig kan eg skryte på "produkta" mine å vere om ikkje anna :)

To småvesker frå H&M som no vart solgt til spottpris etter sommaren er blitt til ei toalettmappe med maaange lommer :) Vi bruker den til alle hårstrikk, klemmer, hårklyper, fliseklemmer, bøyler og anna hårpynt. Og fordi der er så mange lommer kunne eg sortere alt, fargerike strikk for seg, nøytrale for seg, hårbøyle i eiga, stor lomme, klemmer for seg, klyper for seg osv. Kjempepraktisk!! :D

Alt eg brukte var dei nemnde veskene, nål og tråd, saks, trykknappar og utstyr til å feste trykknappane, og så ein stor, røff karabinkrok (i samme farge som glidelåsane og knappane) til å kunne henge opp toalettmappa etter.


Klypte av veskesnorene, ettersom eg ikkje hadde bruk for dei..





Sydde saman veskene "rygg mot rygg", men lot det vere opning øverst, slik at rommet mellom dei to veskene også skulle kunne brukast..

Satte i trykknappar for til dels å kunne lukke att rommet mellom dei ihopsydde veskene..





På den eine sida festa eg ein karabinkrok i "stålhankane" der veskestroppane hang fast,
og på den andre sida brukar eg "stålhankane" til å feste nåler meint som hårpynt (blomane til venstre i biletet til dømes..)


Billig og bra toalettmappe, som gjer det enkelt å holde styr på og finne fram i hårpynt eller anna :)