12 november 2010

Lyser opp mørke vinterkveldar

Eg har altså pynta lys, og det var veldig kjekt. Det er ein aktivitet som eg anbefalar på det sterkaste om ein treng noko å finne på til ein hobbykveld med venninner ;)





Bilda er henta frå sider på nett som deler vintagebilder, og så er dei skrive ut på vanleg kopipapir på heime-printaren vår. Bildet er festa til lyset ved å legge bildet mot lyset med bildesida ut, legge over matpapir og så varme opp stearinet med ein varmepistol (det går óg an å bruke strykejern og stryke forsiktig over lyset med svak varme). I alle fall smelta stearinet og trakk gjennom papiret, slik at når stearinet kjølna og stivna att, så var bildet eitt med lyset. Deretter pynta eg lysa med band, brads og roser alt etter som.. 




OBS: Advarsel! Bildet kan ta fyr etter kvart som lyset brenn ned og bildet vert ståande att. Riv derfor av bildekanten som eventuelt stikk opp etter kvar brenning, eller undervegs i brenninga av lyset.

2 kommentarer:

  1. Så fine dei vart! God idè, eg trur absolutt eg må prøve:-) Klem Terese

    SvarSlett
  2. Enkelt som berre det :) ...og synest dei er ganske dekorative sjølv... trur eg liker best dei som er enklast pynta, med berre band i tillegg til bildet.. Men når ting og tang alt var stukket i, så var det finast å la dei vere med tanke på hol i lyset om eg tok duppedittane ut att ;)

    SvarSlett

Da blir jeg glad! :oD