Viser innlegg med etiketten Giveaway. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Giveaway. Vis alle innlegg

07 oktober 2010

Tikk takk seier tida..

..og eg merkar det knapt... at tida går.. Den går så fort og plutseleg er tida forbi!
Tida er for to dagar sidan forbi for trekning av giveawayen min, og først no kom eg på at den ikkje var trekt..


Dette er altså den annonserte giveaway'en min... Ei heimesydd plastsmekke i rosa med kvite polkadots. Spekka har også ei oppsamlarlomme, og kanten er av bomull. Festet til smekka er ein trykknapp... Ei prinsesse verdig? ...gjerne ikkje noko for ein liten, tøff gut i alle fall ;P

Uansett... vinnaren er trukket og den heldige vart nummer......................................................

*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*


Nummer 2 på kommentarlista!!!

Altså Iselin :)




Vil forøvrig minne om pay-it-forward-gåvene som eg gjer vekk til dei første som kommenterer i den opprinnelege tråden.. ;) På bildet under ser du kva du kan vinne, og den opprinnelege tråden, den finn du HER :)


05 september 2010

Giveaway

Giveaway, blogcandy, gi-bort... og eg trur eg har sett mange, mange fleire ordvariantar og formuleringar på ein blogg-gest med eitt og samme formål. Kjært born har mange navn ;)

(Eg nyttar random.org til å trekke)

Ettersom eg ikkje lengre har små nok ungar sjølv (til å bruke smekke), så tenkte eg at nokon andre som kan ha glede av den kan få den nye, heimesydde plastsmekka i staden ;)


Det einaste du treng å gjere for å vere med i trekninga, er å skrive eit innlegg i bloggen din eller ein bildelink i sidebaren på bloggen din. Har du ikkje blogg, kan du berre skrive ein kommentar til dette innlegget, saman med mobilnummer eller e-post som eg kan kontakte deg på om du vert trekt ut ;)

Innlegget skal innehalde minst ein link tilbake til anten denne, eller ein av mine andre bloggar (Heime hos Oss, Leikekroken eller Lesekroken), og eg vil sjølvsagt at du fortel om candy'en og legg ved eit bilde av den ;)

Trekning om nøyaktig ein månad frå i dag, på mi kjære Farmor sin bursdag, 5. oktober :) Lykke til! 



PS: Hugs å skrive ein kommentar under dette innlegget, og link til bloggen din/innlegget ditt så eg kan sjå det du har skrive ;)