Viser innlegg med etiketten søm. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søm. Vis alle innlegg

05 september 2010

Giveaway

Giveaway, blogcandy, gi-bort... og eg trur eg har sett mange, mange fleire ordvariantar og formuleringar på ein blogg-gest med eitt og samme formål. Kjært born har mange navn ;)

(Eg nyttar random.org til å trekke)

Ettersom eg ikkje lengre har små nok ungar sjølv (til å bruke smekke), så tenkte eg at nokon andre som kan ha glede av den kan få den nye, heimesydde plastsmekka i staden ;)


Det einaste du treng å gjere for å vere med i trekninga, er å skrive eit innlegg i bloggen din eller ein bildelink i sidebaren på bloggen din. Har du ikkje blogg, kan du berre skrive ein kommentar til dette innlegget, saman med mobilnummer eller e-post som eg kan kontakte deg på om du vert trekt ut ;)

Innlegget skal innehalde minst ein link tilbake til anten denne, eller ein av mine andre bloggar (Heime hos Oss, Leikekroken eller Lesekroken), og eg vil sjølvsagt at du fortel om candy'en og legg ved eit bilde av den ;)

Trekning om nøyaktig ein månad frå i dag, på mi kjære Farmor sin bursdag, 5. oktober :) Lykke til! 



PS: Hugs å skrive ein kommentar under dette innlegget, og link til bloggen din/innlegget ditt så eg kan sjå det du har skrive ;)

24 august 2010

Enda meir Redesign

Ein voksduk eller rest av ein sådan er ikkje nødvendigvis mat for bossbøtta..

Til dømes, om resten måler minimum 20x25cm, kan den lagast om til ei barnesmekke med oppsamlar:


Eg teikna mønster sjølv med utgongspunkt i ei smekke frå IKEA som eg hadde liggande... I tillegg har eg nytta skråband for å gjere kantane finare og meir behagelege mot huda, sytråd av polyester til å feste skråbandet med, og ein trykknapp for å kunne feste smekka på bornet.

Merk; sy på skråbandet til fronten av lomma først, så syr du lomma fast på hovuddelen, før du festar skråband rundt heile smekka og set i trykknapp til slutt.

Oftast held det truleg å tørke av smekka med ein klut etter bruk, men innimellom treng den gjerne også ein grundigare vask.. Men ikkje vask den i maskin, det tåler stort sett ikkje voksdukar, så ein vask for hand må nok halde ;)